Tekst og foto: Bjarte Brask Eriksen, Hordaland fylkeskommune

Vi vil vise korleis gull- og sølvprodukt blir laga og vi er svært stolte av dei som arbeider her. Dette er dei beste i Noreg. Her har vi laga ein glasvegg inn til produksjonen for å vise korleis gull- og sølvprodukt blir laga og for å rekruttere ungdom til faget. Vi har eit handverk som det ikkje finst så mange av, seier Lilli-Anne Alver, ein av eigarane bak Arven Économusée.

Offisiell opning

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun opna Arven Économusée saman med byrådsleiar Harald Schjelderup. Hestetun seier Hordaland fylkeskommune har eit stort ansvar for fagutdanninga i fylket.

– Arven Économusée er blitt ei levande kulturarvbedrift og ein spanande arbeidsplass for flinke og engasjerte sølv- og gullsmedar. Dette har stor verdi for samfunnet. Eg vonar vi kan få til eit godt samarbeid for å få ungdom utplassert og i lære i sølv- og gullsmedfaget, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

 

Hallstein AadlandEit sterkt nettverk av handverksbedrifter

- For Norges Vel er det aller viktigaste ved vårt engasjement at vi også for framtida sikrar eit sterkt nettverk av handverksbedrifter som utviklar seg og voksar -  også etter prosjektets slutt. For å få til dette er vi helt avhengige av å etablere ein fast struktur i godt samspill med myndighetene nasjonalt, regionalt og lokalt, sa Hallstein Aadland frå styret i Det Kongelige Selskap for Norges Vel under opninga. 

- Vi er derfor glade for at så mange politikare, både lokalt, regionalt og nasjonalt engasjerer seg i utviklinga av économuséer. I dag ser vi at både Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune er med på å vise viktigheten av at norske handverksbedrifter utviklar seg og får fleire føter å stå på. Dette sikrar fortsatt produksjon, overleving og vekst ved sida av det viktige arbeidet med å bevare og utvikle norsk kulturarv.

Nesten 150 år

Arven Économusée har historie nesten 150 år attende i tid til 1868 då den tradisjonsrike sølvvarefabrikken Theodor Olsen Sølvvareverksted vart skipa i Bergen. Sølvvarefabrikken rommar arven etter mange av dei største sølv- og gullsmedane i Bergen: Magnus Aase, Marius Hammer, Jacob Tostrup, Brødrene Lohne og Sigurd Homstvedt. Design, handverk, kunnskap og erfaring frå tidlegare meistrar og produsentar blir vidareført og utvikla for marknaden framover.

Sølvvareverkstaden blir det 12. économusée i Noreg. Eit économusée er eit konsept der gamle handverkstradisjonar får nytt liv gjennom eit visingssenter der ein både kan sjå handverket bli utført og kjøpe produkt.

Frå Canada til Europa

Terje Inderhaug i Hordaland fylkeskommune henta konseptet frå Canada til Europa og har fått mange millionar kroner i støtte frå EU til å etablere over 40 économusée i åtte land rundt Atlanterhavet. I dag er det nærmare 100 économusée i Canada, Noreg, Sverige, Irland, Nord-Irland, Færøyane, Island og Grønland. 

– Économusée er eit godt døme på framifrå samarbeid mellom EU, Canada og Noreg, seier Inderhaug som no er i gang med tredje prosjektperiode. 22 nye économusée skal opnast i dei åtte samarbeidande landa, derav fem i Noreg. Oleana Économusée i Ytre Arna var det første av desse fem tidlegare i år.

12 économusée i Norge

Frå før er det 11 économusée i Noreg: Aurlandskoen i Aurland, Oselvarverkstaden i Os, Fjordtynna i Samnanger, Stine Hoff Glasblåsarverkstad i Bergen, Treskjerartunet på Voss, Tønnegarden i Fusa, Hillesvåg Ullvarefabrikk i Lindås, Syse fruktgard i Ulvik, Ledaal teppeveveri i Stavanger, Ullform i Stavanger og Oleana i Ytre Arna.

Norges Vel som har overtatt det administrative ansvaret for économusée-prosjektet etter Hordaland Fylkeskommune, har ein visjon om å bidra til Livskraftige lokalsamfunn i Norge og internasjonalt gjennom næringsutvikling. Ein vidare utvikling av économuséer vil bidra til dette gjennom å ivareta gamle handverk og lokale handverksbedrifter.  

EU bidreg framleis med pengar.