Oleana er blitt det 11. économusée i Noreg. Eit économusée er eit konsept der gamle handverkstradisjonar får nytt liv gjennom eit visingssenter der ein både kan sjå handverket bli utført og kjøpe produkt. Hordaland fylkeskommune har gått i bresjen for å etablere économusée og har gjeve 250.000 kroner i tilskot til etableringa i Ytre Arna.

Gründer- og familiebedrift som satsar på design og kvalitet

Næringsministeren er imponert over satsinga til Oleana. 

– Dette er ei gründerbedrift som starta for 25 år sidan. Det er og ein familiebedrift som satsar på design og kvalitet og greier å konkurrere i ein vanskeleg marknad. Vi ønskjer oss fleire familiebedrifter i Noreg. Oleana er og ei tekstilfabrikk, og det er nesten ingen andre tekstilfabrikkar att i Noreg. Her i dag har eg fått gode innspel til politikken vidare for industrien, sa næringsminister Monica Mæland som klipte over snora og opna Oleana som visingssenter.

Næringsminister Monica Mæland

Oleana lagar klede i ull med mønstre som har ei spesiell historie. Fabrikken har 70 tilsette og disponerer 3500 kvadratmeter i dei tidlegare lokala til Arne fabrikker i den gamle bomullsfabrikken nede på kaia ved Sørfjorden.

Årleg kjem det om lag 5000 besøkande til Oleana og 2000 er innom museet med lokalhistoria til Ytre Arna, som er integrert i fabrikklokala. Alt i 1846 ble den første fabrikken etablert i Ytre Arna. I 1960 var det den største i sitt slag i landet. Oleana vart skipa for 25 år sidan, først på Espeland, og for fem år sidan i Ytre Arna. Oleana har marknad over heile verda. 55 prosent av produksjonen går til eksport, mest til Tyskland, men og mykje til Skandinavia og resten av Europa og Canada.

Fylket er ein god støttespelar

Kolbjørn Valestrand, ein av eigarane, sa at Oleana aldri hadde blitt economusee om ikkje Hordaland fylke hadde gjeve støtte.

– Vi driv ei oppegåande tekstilfabrikk som skapar verdiar og arbeidsplassar i Noreg, og ikkje minst beheld vi arbeidsplassane og verdiane i Noreg. Vi hadde ikkje fått dette til utan støtte frå Hordaland fylkeskommune. Fylkeskommunen gav oss 125.000 kroner i støtte då vi starta i 1992. Og no har vi fått ny støtte. Opp gjennom åra har dette generert mange hundre millionar kroner i skatt. Eg trur ikkje Hordaland fylkeskommune nokon gong har fått meir pengar att på pengar dei har gjeve i tilskot, sa Kolbjørn Valestrand. 

Oleana er et levande visningsenterIkkje eit museum, men ei levande bedrift

Næringssjef Mette Nora Sætre i Hordaland fylkeskommune svara med at det er denne typen bedrifter fylkeskommunen ønskjer å utvikle.

– Oleana skapar moderne produkt med tradisjonelle produksjonsmiddel. Dette er ikkje eit museum, men ei levande bedrift. Den blir ein del av det norske nettverket. Vi har fått ein stor familie med economusee på Vestlandet som lærer av kvarandre. Det kjem minst fire til her og 19 i resten av verda, sa Mette Nora Sætre. 

Économusée bidreg til livskraftige lokalsamfunn

– Dette er ei fantastisk handverksbedrift. Vi har no over 70 économusée i verda. Dei bidreg til livskraftige lokalsamfunn. Bedriftene får fleire bein å stå på, får betre eksistensgrunnlag og sikrar vekst. Vi har godt samspel med lokale og regionale styresmakter. Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune har gjeve støtte. Det regionale initiativet til Hordaland fylkeskommune er eit døme som andre kan følgje. Eg trur ikkje vi har sett noko liknande regionalt engasjement andre stader i verda, sa utviklingsdirektør Kari Clausen i Norges Vel.

Tok ideen frå Canada til Europa

Ideen til economusee oppstod i Canada for 25 år sidan. Kultur- og næringslivsutviklar Terje Inderhaug i Hordaland fylkeskommune tok ideen til Europa og har fått EU til å bidra med mange millionar kroner til vidareføring i Europa og Canada. Det første économusée i Europa vart opna i 2009, Aurlandskoen i Aurland. Då hadde Canada alt etablert over 30 economusee.

Etter at fylkeskommunen engasjerte seg er det til no etablert 40 nye economusee, for det meste i Europa, men og mange nye i Canada. Det 41. blir opna i Bergen i juni. Hordaland fylkeskommune har leia det internasjonale prosjektet over to periodar. Tredje periode er no i gang, med Norges Vel i leiarrolla. 

Åtte land er no med i det nye economusee-prosjektet: Canada, Irland, Nord-Irland, Færøyane, Island, Grønland, Sverige og Noreg. Det skal skipast fem economusee i Noreg, og 19 i dei andre landa.