Norge er et kyst- og fjell-land, og fjellet er et matforråd som vår tradisjon med utmarksbeite for rein, sau, geit og storfe høster av. Ifølge Østlandsforskning har fjellområdene i Norge store utfordringer når det gjelder befolknings- og næringsutvikling, med en betydelig svakere utvikling og større utfordringer enn resten av landet.

Samtidig er fjellet rekreasjon, fritid og turisme, og leveområder for arter som villrein og rovdyr. Fjellområdene er også områder hvor klimaendringer forventes å vises tidligere enn for andre områder. Fjellene er også verdens største vannreservoar, og mellom 60 til 80 prosent av jordas ferskvann kommer fra fjell.

Den internasjonale fjelldagen ble etablert av FN i 2003, og har som mål å sette fokus på fjellets viktige rolle.

Les mer om forprosjektet vi arbeider med
i følgende artikkel fra
Avisa Valdres:

Ønskjer nasjonalt senter for fjellandbruket:

Håpar på «Nye Løken»

Av Geir Helge Skattebo, geir.skattebo@avisa-valdres.no
 

pdf av avisartikkel (647KB)

Øystre Slidre kommunestyre løyver 100.000 kroner til utgreiing av eit Nasjonalt Senter for Fjelllandbruket ved Løken i Volbu. No vil ordførar Odd Erik Holden med fleire, møte Opplandsbenken på Stortinget for å fremme tanken om eit nasjonalt senter på Løken etter at Nibio er ute frå 2020.

Det var i 2015 at interimsstyret for NIBIO, Norsk institutt for bioøkonomi, foreslo og leggje ned avdelinga på Løken i Valdres og Fureneset i Sogn og Fjordane. Løken har i dag feltforsøk ut 2020, men så er det slutt. Det Opplysningsvesenets fond som eig garden, medan Landbruks- og matdepartementet forpaktar den.

Møte Opplandsbenken   

Øystre Slidre kommune kontakta Norges Vel hausten 2018, med oppfordring om å leie eit arbeid for å utvikle og samordne eit kompetansesenter for fjellbygdene. Tanken er å skape «Nye Løken Gard». I januar i år arrangerte Norges Vel ein workshop med deltakarar frå kommunen, NIBIO, Graminor og Norsk Landbruksrådgiving Innlandet. No er det noko på gang.

– Vi har avtalt eit møte med stortingspolitikarane på Opplandsbenken 5. november. Eg er veldig glad for at vi har fått med oss Norges Vel i dette arbeidet. Når vi møter Opplandsbenken, så blir det saman med to frå Norges Vel. Det er prosjektleiar Lill-Ann Gundersen og direktør Øyvind Sørheim. I tillegg vil regionleiar i Valdres, Linda Mæhlum Robøle, vera med, fortalde ordførar Odd Erik Holden.

Eit forprosjekt

Oppland fylkeskommune har løyvd 375.000 kroner allereie og torsdag var det eit samrøystes kommunestyre i Øystre Slidre som støtta prosjektet med 100.000 kroner. Hovudmålet er å få på plass eit mogleg grunnlag for etablering av et Nasjonalt Senter for fjellandbruket.

Kva det kan innebere og korleis det kan fyllast med inn hald? Eit sentralt mål for «Nye Løken» vil vera å utvikle nye konsept for sikring av ei berekraftig framtidig drift, i tillegg til å fortsette feltforsøk for utprøving og testing. Alt organisert i ei anna form enn tidlegare.

Viktig med heiagjeng

Rådmann Jostein Aanestad var oppteken av at dei har med seg støttespelarar.

– En ting er å sikre den aktiviteten som er der i dag, som i seg sjølv er viktig. Så til innhaldet i prosjektet. Fram til no har arbeidet vore å sikre seg ein stor «heiagjeng» og ikkje motstandarar. Det kan vera fleire som vil vera interessert i å ha eit nasjonalt senter for fjellandbruket og det er noko vi har følgt opp. Det er viktig at alle kommunane i fjell-Norge synest det er rett og leggje det hit. Der er det arbeidd grundig og det ser ut til at det er tilslutning for at dette, at det kjem på Løken, sa rådmann Josten Aanestad.

Fylkesmannen i Innlandet er oppteken at også Nord-Øster dalen er med i utgreiinga, ettersom fleire miljø i denne regionen er interessante og har lang erfaring og god kompetanse på utfordringa i fjellandbruket.

Har støtte

Prosjektet har elles støtte frå mange. I sakspapira les vi at eit slikt senter er støtta av Norges Vel, NlBIO, Graminor, Norsk Landbruksrådgiving Innlandet og Fylkesmannen Innlandet. I tillegg til Øystre Slidre kommune, som er initiativtakar. Forslaget er forankra i Fjellnettverket med administrasjon på Geilo, men òg i Valdres natur- og kulturpark.

Regionstyret i Valdres vedtok også nyleg støtte til etablering av eit Nasjonalt Senter for Fjellandbruket på Løken i Volbu.

Det blir tatt sikte på å ferdigstille prosjektet i løpet av første halvår i 2020.