Tekst og foto: Bjarte Brask Eriksen, Hordaland fylkeskommune

Eit Économusée er eit konsept der gamle handverkstradisjonar får nytt liv gjennom eit visingssenter der ein både kan sjå handverket bli utført og kjøpe produkt.

Ciderhuset Économusée blir drive av Eli-Grete Høyvik og Åge Eitungjerde.
– Vi har halde på i eitt år for å få dette til. I dag lanserer vi den første boka om cider på norsk. Vi er æra over å ha blitt funne verdig til å bli Économusée, seier dei.

Landbruksministeren seier han har gledd seg til å kome til Balestrand.
– Eit Économusée er heilt unikt. Det er ikkje mange i Noreg. Her har dei klart å lage unike produkt som står seg bra i marknaden. Dette er til inspirasjon for andre som vil satse. Lokal mat og drikke er i stor vekst. Det har stort potensiale for vidareutvikling. Vi kan vere stolte, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

EU-ambassadør til Noreg, Helen Campbell, kom til Balestrand for 4. gong.
– Eg er glad for å vere her. Ciderhuset er eit fantastisk Économusée. Det blir ein viktig del av Économusée-familien. Her får vi heile kulturen og ein komplett historie, seier ambassadør Campbell.

Kvalitetsstempel

Ordførar Harald Offerdal i Balestrand er imponert over den lokale verksemda.
– Économusée er eit kvalitetsstempel, ein merkevare. Det vil styrke Balestrand som reiselivskommune, sa Offerdal.

Mette Bakketun driv det første Économusée som vart opna i Noreg, Aurlandsskoen.
– Économusée har høgt nivå. Det er eit kvalitetsstempel. Eg er glad vi no har fått to i Sogn, seier Bakketun.

13 Économusée i Noreg

Dei 50 Économusée som er etablert sidan 2008, er i desse åtte landa: Canada, Irland, Nord-Irland, Færøyane, Island, Grønland, Sverige og Noreg. Dei 13 Économusée i Noreg er i Hordaland (ni), Rogaland (to) og Sogn og Fjordane (to).

Hordaland fylkeskommune har stått i spissen, fått pengar frå EU og etablert mange visingssenter for gamle handverkstradisjonar på Vestlandet. Économusée-prosjektet er no så stort at det har vakse ut av hendene til Hordaland fylkeskommune, og Norges Vel har overteke leiaransvaret.

– Vi er glad for at Norges Vel har teke over. Planen vidare er å få det inn i statsbudsjettet som nasjonal satsing, seier Mette Nora Sætre.

– Eg vil takke Hordaland fylkeskommune for dyktig arbeid gjennom mange år, seier administrerande direktør Øyvind Ørbeck Sørheim i Norges Vel.

Idé frå Canada

Næringssjefen i Hordaland fylkeskommune, Mette Nora Sætre, fortel at fylkeskommunen fekk idéen frå Canada.

– Dei første Économusée kom i gang for over 30 år sidan. Vi har henta konseptet derfrå og vidareutvikla det for Europa og Canada. Vi starta i 2008, og til no har vi opna 50 Économusée. I tillegg til store summar frå EU har vi brukt eigne midlar. Vi har fått ein stor familie av stolte handverksbedrifter som har historia og produkta med seg. Dette er eit godt døme på innovasjon. Bedriftene skal halde verksemda levande og vekse vidare, seier Mette Nora Sætre.