Marit starta i Norges Vel 1. desember 2016. Ho jobbar på kontoret i Bergen, hovudsakeleg med næringsutvikling innan havbruk og reiseliv.

Marit har ein master i Økonomi og ressursforvaltning, med hovudfag i akvakultur frå NMBU 2003. Ho har jobba med næringsutvikling i Florø, Sogn og Fjordane i dei ti siste åra. Sist i NHO.

Mitt Norges Vel

Norges Vel har berekraft og samfunnsansvar i ryggmargen, det er bra! Norges Vel har mange prosjekt dei kan dra fram som suksessar. Spesielt prosjektet mellom bønder i Mosambik og Den Lille Nøttefabrikken er utruleg kult! 

Norges Vel har hatt prosjekt om algedyrking på Madagaskar sidan 2004. No er det på god veg til å bli ein spennande næring for Norge. Norges Vel har hatt ei satsing på algar i Norge sidan 2012, og eg er heldig som får vere med i «algeteamet» og jobbe med dyrkarane langs kysten som vil vere med på å bygge ei ny næring.